Nytt stortap for Finnøy på heimebane

Det vil ikkje løysa seg for Finnøy på heimebane denne sesongen. Torsdag gjekk A-laget i fotball på sitt tredje tap på rad, heime på Leikvoll, då Tasta vann heile 5-1.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:

FINNØY: 

Dermed kom laget også fort ned på bakken etter storsigeren på 5-0 mot botnlaget Randaberg 2 måndag kveld. Kampen var ein klar bekreftelse på at det er uvanleg stor skilnad på topp- og botnlaga i femtedivisjons-pulja. Og at Finnøy blir eit lag som truleg vil vera solid plassert midt på tabellen, når status skal gjerast opp i slutten av månaden.,

https://www.oyposten.no/2021/10/05/finnoy-slo-kraftig-tilbake/

Tok leiinga

Det var likevel Finnøy som tok leiinga i kampen, då toppscorar Jarle Sigbjørn Risanger Eike, alt i det 8. minutt sendte heimelaget opp i leiinga. Men Tasta slo kraftig tilbake, og snudde kampen til ei 2-1 leiing i løpet av ein sju minuttars periode like før pause. Deretter scora Remy Andre Kvamme Larsen (35. minutt) og Kristoffer Rasmussen Kleven (42. minutt).

Finnøy-keeper Morten Engebretsen stod ein god kamp, trass i stortapet mot eit godt tastalag:

Og Tasta fortsette der dei slapp før pause. For i løpet av tre minutt, like etter pause, hadde Kvammen Larsen (49. og 52. minutt) fullbyrda sitt hattrick, og sett den endelege spikeren i finnøykista. Og rivalane til naboane og serieleiaren Vardeneset 2, hadde verkeleg bestemt seg for å ta over leiinga på tabellen frå nabolaget i Stavanger på Finnøy denne haustkvelden. Det blei Mama Hamid Mohammed som fastsette sluttresultatet til 5-1 for Tasta, etter vel ein times spel.

For Finnøy blir det no å samla troppane igjen, å gjera seg klar til storkampen og nabo-oppgjeret mot Mastra neste torsdag. Då er det gjerne like godt at akkurat den prestisjekampen også går på bortebane, ettersom det er nettopp der Finnøy har teke alle sine ni poeng i serien så langt denne sesongen.