Tekst: Håkon Jonassen Norheim

- Tapar me denne kampen kan me like så greitt leggje opp, fortel Fogns Sigve Bø.

- Det er ein kamp ingen vil tape, kontrar Finnøy-kaptein Jarle Mensink.

- Det er eit vere eller ikkje vere for sesongen 2015, fylg Sigve Bø opp.

Måndag er det klar for det klassiske lokaloppgjeret mellom Finnøy og Fogn. Kampen ingen vil tapa, kampen som er så viktig å vinne. I fjor enda det same oppgjeret med 3-2 til Finnøy. Det vil Fogn revansjera i år.

- Ein har aldri lyst til å tape for Finnøy. Det kjem til å bli eit klassisk knokkeloppgjer, og eg blir skuffa viss det ikkje blir fem-seks gule og kanskje eit rødt. Me skal kjempa dei ut av stilen, fortel Fogns Bø.

- Er dykk klare for kamp?

- Fysisk er me i ruta, mentalt er me i mål.

Finnøy på si side kjem frå ein sterk 6-0 siger mot 5. divisjonslaget Storhaug i Rogalandscupen førre veke. Før kampen mot Fogn dyssar trenar Jürgen Oyenhausen ned rivaliseringa mellom dei to laga. Han meiner det går for langt.

- Eg bryr meg ikkje om at det er eit lokaloppgjer. Folk må roa seg ned litt snart. Det er ein vanleg seriekamp. Det har blitt for mykje styr. Me ska vinna kampen, så enkelt er det.

Han klarar likevel å sette eit lite stikk i sida på Fogn før kampen.

- Eg trur det blir ein tøff kamp. Me spelar fotball, det gjer ikkje Fogn.

Kaptein Mensink er ikkje heilt einig med trenaren.

- Eg syns alltid Fogn-kampane er veldig kjekke. Det er ein viktig kamp, som Finnøy vinner. Det er sjølvsagt dei tre poenga som er viktigast, men akkurat mot Fogn er det litt ekstra.

Sjølve kampen går på Leikvoll stadion klokka 20:00 på måndag. Her vil Finnøy-songen bli spelt føre kampen, og alle spelerane vil gå inn på hand i hand med ein maskot, akkurat som proffane gjer det.