– Det er ikkje så mykje å sei, eigentleg, skriv manager Erik Torger Flesjå-Johansen i ei melding.

– Laget har lagt kampen bak seg og ser optimistisk fram mot dei siste fire kampane før sommarferien, legg han til.

Tasta leda 5–0 til pause og dobla før sluttsignalet. Toppscorar blei Mustafa Nasir Hassan Behi med fire mål.

Torsdag 8. juni møter Finnøy Stavanger-laget Sunde borte, mens dei torsdag 15. juni møter eit nytt Stavanger-lag; Siddis, heime på Leikvoll.

Mastra vant 3–2 borte mot Jarl og har bite seg fast i øvre halvdel av tabellen i femtedivisjon avdeling tre.