Finnøy idrettslag sitt A-lag i volleyball under den første kampen i årets sesong. Foto: Silje Talgø Klakegg

På laurdag møtte Finnøy Vegårshei IL til den første kampen, og gjekk på eit 3–0 tap mot laget frå Agder.

På søndag stod det to kampar på planen, begge i Møvighallen i Kristiansand.

Først møtte Finnøy Kristiansand Student IL, og gjekk nok ein gong på eit 3–0 tap. Også den andre kampen, mot Kristiansand Sandvolleyballklubb blei tap for laget frå Finnøy. 3–1 denne gongen.

Finnøy sitt A-lag i volleyball ligg no nedst på tabellen med 0 poeng etter fire spelte kampar.

Neste kamp vil dei spele laurdag 18. november i Ynglingehallen i Stavanger. Dei vil då spele både heime- og bortekamp mot Haugesund volleyballklubb KFUK-KFUM 2.