Fotballhausten sparka i gang på Finnøy
Det er liv på Leikvoll igjen etter ein lang fotballferie. Det er alltid trått å starte opp att etter langfri.
Me treng ikkje snakke så mykje om A-laget til Finnøy som klarte å sleppe inn fire mål i andre omgang mot Hinna sist tysdag. 3–3 til pause er i alle fall ein god start.
No må dei berre begynne å spele godt i to omgangar på rad. Det kan dei prøve å gjere i kveld, når dei møter Vaulen borte. Det kan jo hende at det går. No veit de at Øyposten følgjer situasjonen nøye, så det gir kanskje ein ekstra motivasjon til å vinne kampen. Lukke til!
Gutar 14
Finnøy Gutar 14 spelte heimekamp mot Bryne i går. Jamt over spelte dei bra, i to omgangar etter kvarandre. Altså betre enn A-laget, som berre klarer ein omgang. Fleire av gutane imponerte med både fart, teknisk godt spel og ståpåvilje ei heil stund.
Publikum imponerte også, men berre i andre omgang. Om lag førti tilskodarar hadde møtt opp for å heia fram Finnøyungdommen, men det var lenge stilt som i grava på tribunen. Publikum vakna i andre omgang, og stemninga løfta seg mange hakk. Hadde tribunen hatt tak, ville stemninga heilt klart nådd taket.
Mål til Bryne
Sjølv ikkje då Jærguden la handa si over forsvaret til Finnøy og flytta dei til sides, samstundes som han flytta keeper litt for langt fram, slutta publikum å tru på gutane. Eit mål til Bryne kan me ta att, sa dei.
For dei ikkje-religiøse kan forklaringa på at Bryne klarte å smette ballen inn i heimemålet vere at forsvaret til Finnøy lagga, og at keeper ikkje fekk dette med seg. Uansett; dette var eit reint uhell og ikkje talentlausheit.
Dessverre dukka det opp eit raudt kort til Finnøy då ein Brynespelar sprang på beina til Finnøyspelaren i det han freista å stoppe eit angrep.
Diskusjonen gjekk på tribunen om kampen var avgjort ti minuttar før full tid, eller om den var slutt når dommaren bles av. To solide sjansar i sluttminuttane viste publikum at kampen faktisk ikkje er slutt før dommaren har blåst i fløyta, og det var millimetermarginar som avgjorde at ballen ikkje hamna i nettet til Bryne.
Satsar på siger neste gang. Dette var berre første kampen i haustserien, så det er mange moglegheiter seinare. Heia Finnøy!