Allereie tysdag kveld reiser Mastra 2 til Vardeneset for å spele kamp i 7. divisjon.

Mastra 1 speler i 5. divisjon og skal få besøk av Sunde på torsdag. Dette blir årets første seriekamp for laget.

Mastra 1 gjekk måndag ut av Rogalandscupen for menn etter at dei tapte 1–8 mot 5. divisjonslaget Bogafjell.

Tysdag kveld skal Fogn IL som ligg i 7. divisjon møte Siddis 2 borte. Førre veke blei kampen mellom Fogn og Mastra 2 avlyst på grunn av snø. Dette blir dermed også den første seriekampen for Fogn denne sesongen.

På onsdag klokka 20 vil Rennesøy sitt kvinnelag ta imot Vaulen heime. Dei speler i 4. divisjon.

Finnøy møter Storhaug på torsdag. Storhaug har allereie ein kamp med seg når dei møter Finnøy som rykka ned til 6. divisjon sist sesong. Storhaug tapte 3–1 mot Suldal førre veke.

Også Finnøy måtte avlyse ein heimekamp sist veke. Dei skulle eigentleg tatt i mot Kvitsøy heime på torsdag, men snø.