200.000 kommunale kroner til idrettslag i øyane

Stavanger kommune gir vel 200.000 kroner i driftstøtte til åtte idrettslag i Finnøy og Rennesøy.

Fogn er blant idrettslaga som får kommunal støtte. Her frå oppgjeret mellom Fogn og Randaberg nyleg.
  • Rune Nedrebø
Publisert:

FINNØY-RENNESØY: Fordelinga skjer etter forslag frå Idrettsrådet på grunnlag av aktive medlemmer i laga, og kjem opp til behandling onsdag. Det er tradisjon for at forslaget frå Idrettsrådet blir vedteke, og lista ser slik ut:

Finnøy Idrettslag har 365 medlemmer og får 67546 kroner.

Finnøy skyttarlag, 20 medlemmer, 3702 kroner.

Fogn Idrettslag har 78 medlemmer, og får 14434 kroner.

Mastra Idrettslag, 452 medlemmer, 83648 kroner.

Mastra Hestesportklubb, 60 medlemmer, 11104 kroner.

Rennesøy Fotballklubb har 160 medlemmer og får 29610 kroner.

Sjernarøy Idrettslag, 19 medlemmer, 3516 kroner.

Talgje Idrettslag, 7 medlemmer, 1296 kroner.

Ifølge kommunen har idretten i Stavanger mista 3500 medlemmer i løpet av pandemien, frå 2019–2021. Totalt blir det delt ut 4,6 millionar kroner i driftstøtte til 40 idrettslag. Dette utgjer i underkant av 150 kroner per medlem.

  1. Idrett