Måndag tapa Finnøy 1–8 heime på Leikvoll mot Randaberg 2 i fotballens 5. divisjon avd. 3 for menn.

Dermed kan det i haustsesongen berre gå ein veg for Finnøy-gutane. Vårsesongen enda nemleg poenglaus med 13–58 i målforskjell på elleve kampar.

Mastra spelar torsdag 29. juni sin siste kamp før ferien, då dei tar imot Sunde frå Stavanger heime på Rennesøy fotballbane. Med seier vil Mastra klatre forbi Randaberg 2 på tabellen og ta ferie på femteplass.

Finnøy IL kan glede seg over at aldersbestemte lag har bite bra frå seg i Sør Cup i Kristiansand dei siste dagane. Jenter 14 spelar semifinale mot Ølen Etne IL, melder Finnøy IL på Facebook. Gutar 13 og gutar 14 gjorde det bra i fleire kampar, men begge rauk måndag ut på straffekonk.