Det gjekk ikkje så bra med Fogn i Rogalandscupen. Dei får prøve igjen neste år. Foto: Paul Arne Aano

Fogn sitt herrelag klarte dessverre ikkje å halde tritt då dei møtte Hana 2 til første kamp i Rogalandscuppen 2024. Kampen blei spelt på Leikvoll søndag ettermiddag.

Fogn skåra rett nok tre mål, men to av dei var i eige nett. Dermed enda kampen 1–10.

Onsdag dreg jentene frå Rennesøy fotballklubb til Vigrestad for å spele sin første kamp i Rogalandscupen for kvinner. Rennesøykvinnene speler for første gang som seniorar denne sesongen.

Torsdag klokka 20 møter Finnøy 4. divisjonslaget Ganddal på Leikvoll stadion. Finnøy skal i år spele i 6. divisjon etter å ha rykka ned sist sesong. Ved divisjonsforskjell får laget som er lågast rangert starte kampen med eit straffespark per divisjon.

Samstundes reiser Mastra til Tasta for å spele på Stemmen kunstgras. Begge laga speler denne sesongen i 5. divisjon, men i kvar sin avdeling.