Gjekk Fognamarsjen for 35. gang
Berre to personar har gått Fognamarsjen alle åra sidan det årlege arrangementet starta i 1988.
Jakob Bø og Anders Sandanger fekk søndag ein gåve frå Sølvsmeden på Finnøy for å ha delteke i marsjen i 35 år på rad.
– I år gjekk 31 deltakarar, ei auke på seks personar sidan i fjor. Men det er framleis litt for få, meiner Ottar Sandanger.
Han vonar at fleire vil finne tid til å kome til Fogn neste år og bli med på turen som er om lag 10 kilometer lang og går rundt øya.
I år fann Fognamarsjen stad på same dag som Griegløpet på Finnøy.
– Kan hende me lyt tenkje på å finne ei anna helg å arrangere dette på til neste år, seier Sandanger.