Øyposten håper å få sjå denne gjengen i aksjon på romjulsfotballen. Dette bildet er ikkje av barne- og ungdomsklassene, og heller ikkje frå i fjor. Det berre ser slik ut. Foto: Finnøy Idrettslag 2019

I år er arrangementet gratis.

– Oppsett og opplegg er avhengig av antal påmelde, så det er viktig å melde seg på tidleg. Siste påmeldingsdag er 24. desember, informerer Finnøy idrettslag på nettsida si.

– Den opne klassen er for alle, alt frå de semi-seriøse, les Fogn IL ;-) til familiar som ønsker å stille lag, skriv idrettslaget på nettsida.

– FIL vil sette opp grupper som passar sånn nokolunde saman, men det blir finalespel og minimum ein vinnar. Det er ingen formelle krav til alder, kjønn eller noko, men maks 8 spelarar på kvart lag. Alle må registrere spelarane. Ein spelar kan maks delta på eit lag i den opne klassen, men barn og ungdom kan delta i de andre klassane i tillegg.

Dei skriv vidare at utanom open klasse, der ein meldar på lag, er det barne- og ungdomsklassar der ein melder seg på individuelt.

– Dette er noko me gjer for å inkludere alle. Ingen skal vere forhindra frå å delta sjølv om ein ikkje klarer å stille eit heilt lag. Ein treng heller ikkje å vere medlem i idrettslaget for å bli med på romjulsfotball. Ta med jule- og nyttårsgjestane! seier leiar av idrettslaget på Finnøy, Erik Torger Flesjå-Johansen til Øyposten.