Søndag ettermiddag pusta slitne, unge menn ut etter ein innhaldsrik og utladande treningshelg på Finnøy og Fogn.

Laget som var på besøk var Ølen IL sitt mildt sagt dyktige junior 19 årslag, der to lokale øyheltar er med. Og med hjelp av fleire lokale «leigesoldatar» blei det eit skikkeleg treningsutbytte for fotballspelarane som gav alt i alle fire treningsøktene.

Treningsgjengen frå Ølen med påfyll! Foto: Tor Øyvind Skeiseid

Fotballglede for Fogn, Finnøy og Vindafjord

Ølen gutar 19-årslag er heilt i toppsjiktet i Rogaland. Ja, i vår vann faktisk laget øvste serien i fylket, føre lag som Viking, Vidar og Vard Haugesund. Laget består av spelarar frå heile Vindafjord, og med innslag frå Etne, Randaberg, Tau, Kåsen, Finnøy og Fogn.

Finnøybu Endre Skeiseid og fognbu Josef Bø går på Lundeneset vgs. i Ølensvåg, og er blant spelarane på laget. For å gje litt tilbake til dette fantastiske laget og Ølen som klubb, inviterte foreldra til Endre og Josef juniorlaget til treningsleir på nettopp Finnøy og Fogn. Og det passa godt ei dryg veke før avreise til Dana Cup.

Fredag kveld kom spelarane med hurtigbåten frå Sandeid og Vikedal, med påfølgjande kveldsmat hos familien Skeiseid på Finnøy og overnatting på Utsyn Misjonssenter.

Trening, mat og aktivitetar

Etter ein utsøkt frukost på Utsyn laurdag morgon, var det klart for første av fire treningsøkter for helga. Leikvoll stadion på Finnøy var arena. Somme av Endre og Josef sine tidlegare lagkameratar frå Finnøy, i tillegg til eit par 20-åringar, var med.

Trenar Nils Are Golf instruerer på kunstgraset på Finnøy. Foto: Tor Øyvind Skeiseid

Og trass litt vekslande ver, var intensiteten og kvaliteten høg gjennom heile økta. I det flotte klubbanlegget på Finnøy vanka det både lunsj og aktivitetar, før treningsreisefølgjet vende nasen mot Fogn.

Ettermiddagsøkta var på den flotte grasmatta på Fogn. Grasbane var både uvand og kjekt for gutane. Grastreningar var etterlengta, ettersom kampane på Dana Cup blir spelte på gras.

Og skikkelege fotballspelarar treng mat, mykje mat. Her går det unna med lasagne på Fogn skule. Foto: Tor Øyvind Skeiseid

Etter treninga venta både avslapping og kveldsmat. Då var det klart for grilling og kakefest hjå familien Bø på Fogn. Faktisk med innlagt sol!

Triveleg venskapskamp

Litt trøytte og slitne kroppar stavra seg på beina og frukost søndag morgon på Utsyn. Deretter var det over til Fogn for meir fotball. Ølentrenar Nils Are Golf la opp til ei litt rolegare formiddagsøkt, utan at spelarane heilt forstod kva «roleg» betydde.

Då passa det godt med litt «tøy og bøy» i gymsalen på Fogn, med instruktør Heidi Bleie Skeiseid. Det såg ut som om både spelarar og trenarar trengde å strekkja litt på ledda, ja! Etter middag og litt avkopling, var det så klart for økt nummer fire: kamp.

Tøy og bøy høyrer også med, her med Heidi Bleie Skeiseid som instruktør. Foto: Tor Øyvind Skeiseid

Ølen sitt juniorlag skulle visa seg fram for eit passe stort publikum. Og motstandarlaget var ein herleg miks av ungdomar og unge vaksne frå Finnøy, Fogn, bygd og by, nære, kjære og kjenningar.

Josef og Endre var livredde for å tapa mot kameratar og kjentfolk, men det blei med frykta. I ein sjåverdig kamp, enda det med nokre fleire mål til Ølen, og god tone på banen. Og ein som imponerte alle, var evigunge Jakob Bø (47), som spelte så godt som heile kampen for juniorlaget til Ølen.

– Men, eg må koma heim igjen, sa Jakob då det var 10 minutt att av kampen. Då skifta han frå raud Ølendrakt og tilbake til den gamle blå fognadrakta.

– Gløym treningsleir til Malaga i Spania i framtida. Frå nå av er det Fogn og Finnøy som gjeld, slo Ølentrenar Nils Are Golf fast etter to opplevingsrike døgn i øyriket.

Og me takkar Ølen for besøket og ønskjer lukke til på Dana Cup!