Jenter 14-laget til Finnøy IL som gjorde seg bemerka i Sørlandets hovedstad under Sør Cup. Foto: Privat

– Akkurat nå er det mykje skuffelse blant jentene. Når me får det litt på avstand trur eg likevel alle vil se dette som ein enorm opplevelse, seier Trygve Spanne, hovedtrenar for Finnøy ILs jenter 14-lag.

Laget spela seg heilt til finalen i Sør Cup i Kristiansand, der dei onsdag formiddag møtte Vik. Finalemotstanden blei for tøff og Finnøy tapte 0–3.

– Det var som ein finale i eit stort meisterskap, med innmarsj og kommentatorar og premieutdeling. Me fekk proffe garderobar og det var publikum på tribunane, seier Spanne.

Avisa Fædrelandsvennen sendte kampen direkte på nettsida si.

Finnøys jenter 14-lag gjekk gjennom gruppespelet utan tap og slo Ølen Etne IL i semifinalen.

Sør Cup har som filosofi å gi deltakarane Norges beste cupopplevelse, både på og utanfor banen, skriv dei på nettsidene sine.