Nærmar seg 70: Har kjøpt lynrask speedway-sykkel
Tor Bernhard Harestad (69) fekk eit tilbud som var for godt til å avslå, nå er han eigar av ein blenkjande raud speedway-sykkel.
BRU: -Eg fekk han forholdsvis rimeleg, forklarer Harestad. Sykkelen lyser opp i fiskemottaket på Bru.
-Eg synes han er fin, sjølv om han er knall raud, seier Harestad til Øyposten. Frp-politikaren høyrer som kjent til i den blå delen av politikken, men så flott som sykkelen er blitt, godtar han fargen like vel.
-Kva skal du bruka han til?
-Eg skal prøva han, men foreløpig må eg heilt til Elgane på Jæren for å kjøra han. For kommunen har i første omgang sagt nei til motorsykkelbane på Bru. Det meiner eg er heilt feil, for det kjem ikkje til å kosta kommunen noko, ikkje sjenera nokon og gje ungdom som ikkje er interessert i sport og fotball eit tilbud. Det meiner også eit enstemmig kommunedelsutval, understrekar Harestad.
Men Harestad legg til at han alltid har vore interessert i motorsport, og då han fekk tilbud om sykkelen, kunne han ikkje seia nei. Det er ein Java 500 kubikk.
-Eg har spelt litt fotball, men hovudinteressa har vore motorsport, seier han, og opplyser at han fullt utstyr til å kjøra han: klær, sko og hjelm.