Laget til trenar Geir Åge Brandeggen,har hatt ei svært fin stigning utover i sesongen,og vann serien eitt poeng framfor tanangerlaget Havørn.Etter å ha tapt storparten av kampane i fjorårssesongen og tidlegare år,er det ein imponerande framgong spelarane og laget har hatt det siste året.I den siste og avgjerande kampen borte mot Høle,vart det eit målrikt oppgjør som enda 5-5.