Måndag kveld reiste finnøygutane til Hjelmeland og eit lite nabooppgjer. Finnøy kom frå ein sterk siger mot 5. divisjonslaget Pol i Rogalandscupen torsdag, og tre strake sigrar i serien. Hjelmeland på si side hadde to sigrar og eitt tap. Kampen byrja på verst tenkelege måte for Finnøy, og etter berre fire minutt leda heimelaget 1-0. Ikkje overraskande for eit Finnøy-lag, som har kome under i tre av dei fire første seriekampane. Etter 20 minutt utlikna Marton Østebøvik, men den leiinga vara ikkje lenge. Berre to minutt seinare gjekk opp i leiinga igjen. Før pause sett kaptein Jarle Mensink eit frispark i mål, og laga går til pause med 2-2.

Etter pause er Østebøvik på plass igjen, og stussar ballen i mål over keeper. Så får Hjelmeland straffespark, og vi er like langt igjen. Rundt 20 minutt før slutt er Håkon Kavli på plass og gir Finnøy leiinga igjen, før Jarle Sigbjørn Eike punkterer kampen, og fastsett sluttresultatet til 5-3 til Finnøy berre tre minutt etter.

Fogn sitt seniorlag hadde seriepremiere mot Kvitsøy heime på Fogn på laurdag. Denne kampen enda 2-2, etter at Kvitsøy sette inn utlikningsmålet på ei straffe på overtid.

Les meir om kampane i fredagens papirutgåve.