Satsar på nytt fotballag for kvinner

Dersom du var ein av dei som la fotballskoa på hylla for godt mot slutten av tenåra, kan du nå få ein ny muligheit til å finne din indre Hegerberg.

  • Iris Elin Ullvang
Publisert: Publisert:
Det skjer spennande ting hos Mastra IL for tida. Silje Hagen startar eit damelag. Arkivfoto.

MOSTERØY:

Dagleg leiar i Mastra IL, Silje Hagen, er sjølv ein av desse. Men no har ho håp om å få eit nytt fotballag opp og gå.,

– Du kan vel kalla meg ein spelande trener og initiativtakar, ler ho.

Først og fremst sosialt

Det er kanskje ikkje ein kvinneleg versjon av eit såkalla «old boys»-lag, men på dette laget er det rom for alle.

– Kva om ein ikkje har rørt ein fotball sidan ungdomsskulen?

– Sjølv har eg ikkje spelt fotball sidan eg var 19 år. Nokon av dei som er med her har nesten aldri spelt fotball før, mens andre har spelt lenge. Dette er først og fremst sosialt og ein bra måte å bli kjent med nye folk, understreker ho.

Dei starta med treningar no i september, og prøver foreløpig å få til minst ei til to treningar per veke.

– Det er alltid litt utfordrande i begynnelsen, men det har vore god respons hittil. Den yngste som er med er vel rundt 18 år, mens den eldste er oppi 40-åra, men det er ope for alle.

https://www.oyposten.no/2021/09/21/mastra-il-har-signert-med-viking/

11'er lag

,På dei første to treningane har dei vore rundt åtte stykk, men totalt er det opp til 12 stykk som har sagt at dei vil bli med med.,– Då har me akkurat eit 11’er lag, men det trengs jo innbyttarar viss me skulle spelt kamp.

Nokre er kun med for treninga si skyld, men det hadde vore kjekt om me kunne meldt laget på i seriespill neste år.

Det er uansett dobbelt så mange som har meldt seg inn på Facebook-gruppa me oppretta.,

Dei har prøvd å starta eit damelag tidlegare, men det er viktig både for Hagen og Mastra IL at det er meir kvinner i fotballen, også lokalt. Difor prøver dei like så godt igjen.

Hagen påpeiker at ein ikkje treng å bekymra seg for om ein ikkje kan dukka opp 100 prosent på grunn av kvardagslivet. Dei har nemleg påmelding for kvar trening.

Mastra idrettslag Fotball har også nyleg signert ein samarbeidskontrakt med Viking FK.