Ein god del av fotballspelarane hos Mastra IL, her frå Vildbjerg Cup i 2018.|Eirik Terøy i Viking seier dei er nøgd med å ha Mastra IL som samarbeidsklubb.

MOSTERØY/STAVANGER:

– Me har inntrykk av at dette er ein klubb som har det godt gåande for seg. Det er folk som jobbar her som har Mastra som barndomsklubb, og det er ein triveleg klubb. Me gler oss til å bli betre kjent med dei i framtida, seier leiar for samarbeid og Fotballøftet i Viking, Eirik Terøy, til Øyposten.,

Formålet er å knytta seg tettare til klubbane i regionen.

– Det viktigaste er at samarbeidet går begge veier. Det er berre eit kjekt biprodukt dersom dette fører til enda betre spelarar, kanskje framtidige Viking-spelarar, seier Terøy.

Storebror Viking

,Terøy fortel at dei vil ha eit heilhetlig perspektiv på deira rolle som toppklubben i området

Eirik Terøy i Viking seier dei er nøgd med å ha Mastra IL som samarbeidsklubb. Foto: FOTO: Viking FK

og på rolla til breddeklubbane.

– Ambisjonen vår er å signere 30 nye klubbar før jul, seier Terøy.

Leiinga i Mastra IL er godt nøgd med å bli ein del av porteføljen til laget.

– Eg trur dette blir veldig positivt. Me får både oppfølging, trenarveiledning og fleire andre goder, seier dagleg leiar, Silje Hagen.

– Dette blir bra, Viking er lokomotivet i vår region og me trur samarbeidet kan skapa ein større entusiasme i fotballmiljøet lokalt. Me får og sjansen til å skapa nye talenter til Viking, seier sportsleg leiar Eirik Hodnefjell.

Synliggjering

Avtalen mellom dei to klubbane blei signert i september.

– Det er ganske ferskt, så me har ikkje snakka så mykje om det ennå, men eg veit at fleire av trenarane våre er ganske spente. Dette er den rette veien å gå for for oss som klubb, seier Hodnefjell.

Dette fører til at klubben får tilgang til mange gode ressursar. Dei får blant anna samlingar med trenarar frå Viking, faglege innspel, samt tilgang på treningsmateriale.

– Viking har eit heilt anna fagleg perspektiv. Dei vil dela sin ekspertise og kompetanse med oss, og me får muligheit til å spela på deira ressurser.

Frå før er Mastra IL ein del av samarbeidet som gir spelarar til Rygerlaget, og det blir det meir fokus på no.

Mastra IL er den 19. lokalklubben Viking har signert avtale med.