Så nær var Finnøy i årets siste heimekamp
Finnøys A-lag sytte for spenning til siste minutt for heimepublikumet laurdag, men det vil seg ikkje heilt for finnøygutta i år.
Laurdag tok Finnøy imot Stavanger-laget Tjensvoll til årets siste heimekamp på Leikvoll.
Håkon Baustad Kavli gav heimelaget leiing allereie etter tre minuttar. Bortelaget utlikna litt over halvvegs ut i omgangen, som òg var pauseresultatet.
Då Øyposten kom innom Leikvoll mot slutten hadde Tjensvoll auka til 2–1, men kampen svinga med god nerve. I sluttminutta fekk Finnøy inn eit langskot som smalt i stolpen.
Så nær så nær noko å feire. I staden var det Tjensvoll som fastsette sluttresultatet til 3–1 fem minuttar på overtid.
Finnøy spelar årets siste kamp borte mot Randaberg 2 laurdag 11. november. Same dag spelar Mastra sin siste kamp borte mot Sunde.
Tabellen i femtedivisjon avdeling tre ser nå slik ut: