Avslutta fotball for Finnøy i Danmark – spreier seg snart for alle vindar

Dana Cup blei eit punktum for Finnøy-jentene. Nå skal dei ut i vidaregåande skule.

Finnøys jenter 16-lag etter onsdagens seier mot danske Tårs/Igult.
Publisert: Publisert:

– Me har hatt det sosialt og veldig kjekt her nede. For dei fleste jentene blei nok torsdagens kamp den siste for Finnøy IL, seier Silje Talgø Klagegg.

Ho er mor til ein av spelarane på jenter 16-laget og er dessutan Øypostens nye journalist, der ho startar i jobben 1. august.

Jenter 16-laget har siste veka i juli vore på Dana Cup, der dei opplevde både oppturar og nedturar. Fredag kom dei heim, og om få dagar skal dei ut i vidaregåande skule.

– Eg skal gå på Wang toppidrett og vil fortsette med fotball. Eg har ikkje bestemt laget ennå, men det blir nok eitt i Stavanger, seier Emma Rose Falstad Leavy.

– Eg skal gå salg og service på Lundaneset. Då blir det å spele fotball for Ølen, seier Louise Voll.

Den tredje Øyposten har prata med er Hedda Karin Talgø Klakegg:

– Eg flyttar til Haugesund for å begynne på salg, service og reiseliv på Haugaland videregående skole. Eg skal ikkje spele fotball. Eg vil heller satse på teater, seier Hedda Karin.

Jentene rauk torsdag ut av Dana Cup etter tre tap og ein siger. Sigeren kom onsdag mot danske Tårs/Igult, der Finnøys håpefulle i horisontalt regnvær vant 4–1.

Publisert: