Mastra IL G14 slo Rennesøy FK i Vildbjerg Cup

Nabo-oppgjeret i går var laga sine fyrste kampar i cupen .

Tøft naboppgjer på Vildbjerg cupen i går, men det er berre på banen. Utanfor er spelarane gode vener
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

VILDBJERG: - Me er vener utanfor banen, men på banen er me konkurrentar, sa Elias Myklebust Hodnefjell før kampen.

Han gleda seg til å spela, keeperen til Mastra. Det var også dei rødkledde som starta best. Etter ein perfekt slått corner steig Tallak Veggeland høgt til vers og nikka inn 1-0 målet til Mastra.

Rennesøy kom tilbake og utligna til 1-1, også det eit fint mål. I andre omgang blei det endå ein scoring til Mastra som til slutt vann kampen 2-1.

For keeper Elias på Mastra blei det ikkje heilt som han hadde tenkt.

– No sitt eg her med ispose rundt kneet. Eg fekk meg ein smell i fyrste omgang og måtte forlata banen. Det kjennes vondt ut akkurat no, men eg håpar eg snart kan spela igjen.

Publisert: