Idrettslaget på Fogn fyller 50 år
Det blir fleire sportslege markeringar i løpet av sommaren.
- Oddbjørg Måland
Aktivitetane er opne og lagt til rette for alle som vil, fastbuande, hyttefolk og tilreisande. Idrettslaget har ein eigen festkomite som jobbar med markeringa.
Festkomiteen har fått vide fullmakter og romslige økonomiske rammer, til å operera innanfor, skriv fogn.org
Sjølve jubiuleumsfesten blir laurdag 3. september, same dag som den offisielle opninga av dagsturhytta.
Sett av datoane:
Sundag 17.juli kl 13 – 14
Felles tur til den nye dagsturhytta, Ørnareiret. Grilling og anna moro ved hytta. Oppmøte ved skulen
Laurdag 23. juli frå kl 1100
Vannsportdag med fiskekonkurranse, kajakkpadling fleire andre vannsportsaktivitetar på Sørvågkaia.
Sundag 14. august
Mesternes mester ved Fogn oppvekstsenter.
Her kan du prøva deg på ulike aktivitetar frå TV-programmet med same namn.
3.-4. sept. Jubileumsmarkering
Her er ikkje alt klart ennå, men planen er å få til ein A-lags kamp påvfredag 2.september.
Jubileumsfest på laurdag 3. spetember med ulik underhaldning. Det blir og foredrag av Ole Jakob Kjølvik som fortel om turane sine til Mount Everest.
Matservering.
Fognameisterskap på sundag 4.september.
Følg med på fogn.org