– Det er jo litt rart å reisa heilt til Danmark for å spela fotballkamp mot nærmaste nabo
G 13 frå dei to lokale fotballklubbane skal spela mot kvarandre i ettermiddag i turneringas fyrste kamp.
- Oddbjørg Måland
Vildbjerg Cup er ein av dei store fotballturneringane i Danmark. Kvart år deltek fleire lokale lag.
Akkurat no er det innmarsjen som held på.
Mastra har fem lag på plass i turneringa, tre reine lag og to samarbeidslag.
– Det er jo litt rart å reisa heilt til Danmark for å spela kamp mot nærmaste nabo, men slik er det. Det er mange lag frå Rogaland her.
– Korleis trur du Mastra vil klara seg?
– Det hadde vore kjekt om me hadde klart å spela nokre kampar før me ryk ut, men det er ikkje sikkert, sjølv om målet er B-sluttspel. Det viktigaste for oss at spelarane har det kjekt og får gode opplevingar, seier trenar og nestleiar i Fotballstyret, Eirik Hodnefjell på telefon frå Danmark.
Klare for lokalderby
I formiddag var det åpning hvor alle klubber gikk samlet i tog fra en bane til hovedstadion i Vildbjerg. Senere i dag starter kampene for alle lagene, og i morgen tidlig er det også duket for et realt lokaloppgjør i en av klassene, for Mastra og Rennesøy FK barker sammen i naboduell på dansk jord.
Det oppgjøret kan du lese mer om i Øyposten i morgen. Turneringen avsluttes med semifinaler og finaler på søndag. Før den tid skal det spilles 2.000 kamper på nydelige grasbaner.