Øy med 350 innbyggjarar har hatt 250 spelarar på fotballaget
Fotballaget på Fogn feirar 50 år dette året. Den vesle øya med 350 innbyggjarar har ikkje hatt mindre enn 250 spelarar med på laget.
FOGN: Sist laurdag feira laget seg sjølv med fest på Fogn, ein av fleire for å markera jubileet. Den offisielle feiringa av Fogn Idrettslag skjer laurdag 3. september. Ottar Sandanger var med på festen sist laurdag, og har sendt Øyposten dette referatet:
«I rekkja av fleire større og mindre arrangement i høve Fogn idrettslag si 50års feiring, var var alle som hadde spela meir enn ein kamp for Fogn sitt A-lag innviterte til mimrekveld i det nye Fun-senteret i Hålevågen på Fogn.
Det kom klårt fram under denne samlinga at hovudgrunnen til at Fogn I.L. vart skipa til i 1972 var for organisera eit fotball-lag og få fart på arbeidet med bygging av fotballbane. Banen kom i 1978, og laget var med i serien alt frå etableringsåret.
Måtte fôrhaust banen
Dei første åra var Finnøy-banen på Leikvoll Fogn sin heimearena. På festen kom det også fram at fognbuen ikkje alltid var like nøgd med den stand banen var i når dei kom til Leikvoll med gjestene sine for spela serie kampane .
En gong var graset så høgt at det måtte forhaustar til før kampen kunne blåsast i gong. Gjestene frå Hjelmeland, «heimelaget» og dommaren måtte sitja tålmodig og venta eit par timar før banen var klargjort.
Det er ført nøye stastitikk over spelarane på laget, kven som scora mål og kven som fekk gult eller rødt kort. Vel 250 spelarar har vore med på laget gjennom desse 50 åra.
Av alle desse har tre spelarar gått bort. Det er Peder Østhus, Ole Sæverud og Berge Sandanger. Desse vart spesielt nemnde og heidra med flere innslag under samlinga sist laurdag.
Munter fotballsoge
Som biletet viser var det ikkje meir enn kring 10 prosent av dei innbedne som hadde møtt fram. Festkomiteen orsaka det med at dei kanskje ikkje hadde vore «aggresive» nok i marknadsføringa av feiringa.
Men det blei like vel ein fin mimrekveld, med kåseri, framsyning av filmklypp, fotoalbum og gode forteljingar. Klapp- og lattersalvar ljoma mellom åsane kring Hålevågen frå tidlig ettermiddag til langt på natt.
Det blei servert grillmat og alt tenkjande godt drikke.
Malvin Sandanger og Jakob Bø drog gjennom fotball-laget si soge på ein munter og informativ måte. Malvin om dei første åra, og Jakob om dei seinare. Trond Egil
Sivertsen hadde rigga storskjerm og synte opptak av kampar frå så langt tilbake som på 1980-talet, noko som fall oveleg godt i smak hos festdeltakarane.
Malvin Sandanger var både glad og imponert for at laget han var me starta for 50 år sidan, hadde vore med i serien i alle år etter det. Det er ingen sjølvsagt ting for ei så lita bygd som Fogn. Han nytta også høvet til å filosofera kring alle spelarane, dommarane og tilskuerar som på grunn av fotballen hadde gjesta Fogn, og som elles ikkje ville kome til øya.Eldsjelene må vera på plass for å slikt til over tid, meinte han.
Malvin var inspiratoren
Malvin Sandanger delte dei 50 åra inn i tre periodar og gav dei namn etter dei som etter hans meining hadde vore dei viktigast pådrivarane for halda laget gåande. Utan at han sa det sjøl, var nok han den store inspiratoren og pådrivaren dei første åra. Me kallar det Malvin-perioden.
Etter kvart vart det naturleg at dei yngre meir og meir tok over oppgåvene som oppmann, trenar o.a. Det vart til Berge-perioden.
Så var det over til Jakob-perioden. Den varer framleis, og Malvin håpar og trur at det
vil koma nye pådrivar som kan ta laget inn i nye periodar.
Jakob Bø la i sitt kåseri vekt på å fortelja om sine opplevingar som liten gut på sidelinja, då faren og andre spela kampane sine for Fogn. Han byrja tidleg å øva seg med fotball, og fekk tidleg trena saman med «stjernene» på laget.
Han fekk også vera med på A-laget tidleg, og framheva fleire kampar som var svært kjekke å få vera med på. Spesielt var kampane i Rogalands-cupen gode å
tenkja tilbake på.
Førebels toppa det heile seg med siste seiekampen 2021, som Aftenbladet sendte
direkte på TV. Jakob avslutta med retta ei stor takk til dei som for 50 år sidan etablerte laget, og til dei som har drive det i alle desse åra. Jakob Bø er nå leiar av Fogn I.L. og har vore det nokre år.
Og forstod me han rett vil han setja mykje inn på og gjera sitt til at laget skal kunna feira fleire jubileum framover. Jakob Bø takka også til Jon Olav, Arild og Trond Egil, som på vegne av Fogn I.L. hadde stelt i stand den gilde festen».