Fognbuar skal springa frå 40-årskrisa i København
Håvard Østhus og Trond Arne Borgemyr frå Fogn reiser til København neste helg for å springa halvmarathon.
FOGN: – Dette er eit resultat av 40-års krisa, begge blir 40 i år. Eg hadde bestemt meg for å nå nokre springe-mål før eg fylte 40, men dei har eg alt nådd.
Difor blir målet i København å slå familierekorden på halvmarathon, som nevøen min har på ein time, tjuesju minutt og tretti sekundar. Det er slett ikkje sikkert at eg klarer det, men målet er i alle fall å prøva, seier Håvard Østhus til Øyposten.
Han har personleg rekord på distansen på tida 1.29.15, og har vore med i eitt halvmarathon tidlegare.
– Det er mindre enn to minutt unna rekorden?
– Ja, men det er svintunge to minutt, svarar han.
Kan diskutera joggesko heile kvelden
Det er først dei seinare åra at Håvard Østhus for alvor har fått sansen for springing. Han har alltid vore aktiv med i idrett, spesielt fotball, men nå er det liksom springing som siglar opp som det store.
– Det er ganske rart korleis det har blitt. Nå kan eg diskutera joggesko ein heil kveld, og tykkjer det er heilt normalt. Det må ha noko med alderen å gjera, seier han.
Til orientering kan Øyposten opplysa at både Håvard Østhus og Trond Arne Borgemyr stiller i København med superraske Nike Alphafly løpesko.
«Disse rakettskipene er som skapt for at du skal kunne forbedre de personlige rekordene dine.» Slik omtalar Nike skoa på sine sider.
– Kva er det som er så motiverande med å springa mil etter mil?
– Det skjer noko i kroppen når det fyrst «klikkar.» Eg kjenner på ein god følelse når eg spring. Spesielt rolege turar der eg ikkje tenker på tider eller rekordar, gjerne med ei god bok eller ein podkast på øyra, seier Håvard Østhus.
På djupt vatn
Trond Arne Borgemyr er derimot ganske ny i gamet. Han starta å springa for rundt eitt år sidan, og har lite erfaring med løp. I løpet av den tida har han forbetra rundetida på distansen «Fogn Rundt» med meir enn 15 minutt.
– Eg kjenner på eit massivt press frå kameratane mine, smiler Borgemyr, som meiner han nå har kasta seg ut på djupt vatn.
– Foreløpig er det fornufta meir enn gleda som er drivkrafta for å springa. Eg har ein stillesittande jobb og fire ungar heime, så joggeturane har etter kvart blitt litt kjærkomne friminutt i kvardagen.
I tillegg er det sjølvsagt kjekt å merka at forma blir betre og at eg klarer meir. Når eg nå er komen dit at eg skal delta i mitt første halvmarathon, skal det bli kjekt å vera ein del av det. Og så ser eg fram til ei helg saman med kompisane, seier Trond Arne Borgemyr, som har mål om å komma i mål under 1.40.