Også eit forsøk på å slå dei to laga saman til eit samarbeidslag har stranda, og ein svært skuffa lagleiar i Mastra, Kjetil Finnesand, måtte i dag gå den tunge vegen å melda frå til fotballkretsen om at det ikkje blir noko seniorlag i damefotballen i Rennesøy og Mastra.-Eg trudde verkeleg at desse to klubbane no skulle fått til noko i saman. For med ein så profilert spelar og trenar som Grethe Elin Håvarstein, med erfaring frå spel i 1. divisjon og gode spelarar frå Finnøy, så kunne dette verkeleg blitt bra, seier ein skuffa lagleiar Kjetil Finnesand til ØP-nett.