Ein av fotballbanane på Rennesøy som blant anna brukes av Mastra IL. Bildet er kun for illustrasjon.|Dagleg leiar i Mastra IL, Silje Hagen.|Dagleg leiar i Mastra IL, Silje Hagen.|Dagleg leiar for NFF Rogaland Erik Løland.|John Peder Samdal.

RENNESØY: Ikkje lenge etter at Mastra IL blei med på #STOPP-kampanjen, fekk leiinga tilsendt ei klage på bruken av regnbogefarger i forbindelse med dette. Seinare kom det også eit lesarinnlegg retta mot kampanjen.

– Det har vore eit fåtall foreldre som har reagert på kampanjen, og det at me har valt å bruke regnbogefarga kapteinsbind. Utover det har me fått god respons på kampanjen, kor idretten viser solidaritet og støtte til grupper som føler seg, og er, diskriminert i dagens samfunn. Det er eit bodskap me er stolte over å formidle.

Det skriv Silje Hagen, dagleg leiar i Mastra IL, i ein e-post til Øyposten.

I tillegg har ein trenar i idrettslaget også valt å tre ut av stillinga si, på grunn av saka.

Ønsker inklusivitet

Etter at Mastra IL mottok klagen i september, blei representantar for Norges idrettsforbund kontakta for å hjelpe idrettslaget med saka.

– Det har vore ein dialog mellom NIF og foreldrene, kor ein både har fått sagt sitt og blitt høyrd. Mastra IL har ikkje endra sin praksis når det gjeld bruk av symboler for STOPP-kampanjen, understreker Hagen.

– Me i idrettslaget har vore mest opptatt av å skape gode, trygge og inkluderande rammer for alle barna i idrettslaget.

Hagen fortel at idrettslaget vil vise at norsk idrett står saman om at idrett er for alle. Og at dei med denne kampanjen seier stopp til rasisme, kjønnshets, homohets og alle andre former for diskriminering.

– Det er dette regnbogefargene symboliserer. Det er eit symbol for inkludering, kjærleik og likeverd. Det er trist om nokon ikkje kan ikle seg det. I Mastra IL er det plass til alle, seier Hagen.

«Me i idrettslaget har vore mest opptatt av å skape gode, trygge og inkluderande rammer for alle barna i idrettslaget»

– Stemmer det at ein trenar har sagt opp på grunn av denne saken?

– Det stemmer at éin trenar i idrettslaget har trukke seg ut på grunn av dei regnbogefarga kapteinsbinda som symboliserer Stopp-kampanjen, bekrefter Hagen.

Vil melde seg ut

John Peder Samdal frå Vestre Åmøy er ein av dei som er sterkt kritisk til at det brukes regnbogefargar i idrettslaget. Som kristen reagerte han så kraftig på dette, at han vil melde heile familien ut av laget etter heile 11 år.

– Viss det fortsatt er slik neste sesong vil me ikkje betale vidare avgift, og melder oss dermed ut av laget. Då vil me vurdere andre klubbar, seier han.

Etter den opprinnelige klagen til idrettslaget, skreiv Samdal eit eige lesarinnlegg som han sendte til Bygdebladet. Avisa skreiv deretter ein artikkel om dette, med han som intervjuobjekt.

Ikkje lenge etter publisering måtte avisa fjerne heile saka frå nettsida, fordi det kom så mange reaksjonar. I seinare tid har også TV 2 skrive ei sak om dette.

– I fleire år har regnbogeflagget blitt brukt for å fremma ein ideologi og eit menneskesyn som eg og min familie ikkje deler. Eg hadde håpa at me kunne vera samla om idretten uten å måtte vera samla om dette symbolet, seier han.

John Peder Samdal. Foto: FOTO: Privat

Samdal ønsker å stå fram i denne saka fordi det, ifølge han, framleis er mange som har same syn på dette, og som opplever det som nå skjer vanskeleg og ekskluderande. Samdal seier han synest det er rart at idrettsforbundet meiner bruken av regnbogeflagg ikkje er ekskluderande, snarare tvert imot.

– Eg synest det er påviselig ekskluderande. Det er fleire som har reagert, og som nok vurderer si framtid i idrettslaget, seier han.

– Tenkjer du over kva signal det kan gi, når de seier at ei slik kampanje «ikkje høyrer heime i idretten»?

– Eg ønsker verkeleg kvart menneske det beste, og mi overbevising er at det er å finna hos Jesus. Eg trur Pride og den «retninga» ikkje er god for barna våre. Eg er oppriktig bekymra for kva me påfører dei gjennom denne normoppløysinga som skjer i samfunnet. Den er regnbogefargane blitt et symbol for, og eg kan ikkje forstå kvifor det må tas inn i idretten.

Samdal presiserer at han synest idrettslaget har hatt ein imøtegåande dialog, og at det er ein god tone mellom partane.

Det har ikkje kome fleire utmeldingar frå idrettslaget på bakgrunn av denne saka, opplyser Mastra IL.

– Fotball er fotball

Saman med NIF, har også Norsk Fotballforbund (NFF) Rogaland kome med råd i saka.

– Me har støtta Mastra IL i arbeidet med å inkludere alle i fotballen. Mastra står for dei same verdiane som me sjølv står for. Regnbuefargane for fotballen er ein måte me viser at me vil inkludera alle, uansett legning eller bakgrunn. Fotball er for alle. Me aksepterer at andre har ulikt syn enn oss og får i dei tilfella vera einige om å være ueinige, seier dagleg leiar i NFF Rogaland, Erik Løland.

Dagleg leiar for NFF Rogaland Erik Løland. Foto: FOTO: Norsk Fotballforbund

Han trur det framleis er slik at få personar tør å stå fram med ei anna legning i idretten i dag, spesielt i fotballen.

– Det er for eksempel ikkje mange menn som tør stå fram. Det er 40.000 aktive fotballspelarar i Rogaland, då er det heilt sikkert mange av dei som kan identifisere seg med dette. Det er viktig for oss i NFF at alle skal føla seg velkomen, uansett kven dei elsker, seier Løland.

– Fotball er fotball.

Han fortel at fotballklubbane kan velja sjøl, men at Mastra IL som klubb har tatt eit standpunkt at dei vil fortsette å bruke regnbogefargar i forbindelse med kampanjen.

– Ingen kan tvingas til å bruka fargane, men symbolikken her er felleskap og mangfald. Eg trur ungane som veks opp no har mindre fordommar, og større toleranse for at folk er ulike, avsluttar han.