Supertrimmar frå Jørpeland vann Griegløpet
Henning Tjøstheim gjorde som han gjorde i 2021 og vann Griegløpet på Tomatfestivalens siste dag.
– Fantastisk fin ramme rundt dette løpet, seier årets Griegløpet-vinnar Henning Tjøstheim til Øyposten rett etter målgang.
– Kva gjer det fint?
– Publikum som heiar, ungar som gir «high five» overalt og dyktig speaker.
Tjøstheim vann på tida 20.47 i den seks kilometer lange løypa fordelt på tre runder i Judaberg sentrum, nesten eitt minutt føre nummer to Tom Eirik Håland.
Jørpelendingen skildrar seg sjølv som supertrimmar:
– Eg trenar ti timar i veka. Eg spring mest i fjellet.
Beste dame blei Ingrid Bøylestad Landa med tida 26.52.
Speaker var forøvrig Tor Øyvind Skeiseid, som hadde stålkontroll på dei 47 deltakarane fordelt på 35 menn og 12 damer.
Etter løpet vanka det raust med røykelaks til deltakarane og pengepremiar i tillegg til dei beste.
Det er Finnøy IL som arrangerer det årlege Griegløpet på Tomatfestivalens siste dag. Løpet blei i år arrangert for trettande gong.
Før hovudløpet søndag ettermiddag var det eit barneløp, som samla 120 deltakarar, og eit ungdomsløp, som samla 31.