Vellukka fotballfest på Leikvoll
Vêret spelte på lag då Grieg Seafood og Finnøy idrettslag laurdag inviterte til den årlege fotballdagen på Leikvoll.
Gradestokken kraup godt over 20 grader då kring 100 barn mellom 6 og 12 år kom til Leikvoll for å spele fotball på tvers av alder og kjønn. Fotballdagen var ein suksess.
A-lagsspelarar stilte som instruktørar, med hjelp frå nokre av dei eldste ungdomsspelarane frå Finnøy IL.
Erik Flesjå-Johansen som er dagleg leiar i idrettslaget kunne informere om at det årlege arrangementet er ein del av sponsoravtalen med Grieg Seafood.
– Grieg ønskjer at dette skal vere eit gratis lågterskeltilbod som er tilgjengeleg for alle, også for dei som ikkje er medlem i idrettslaget. Dei får mat som er betalt av Grieg, og alle som vil, kan få med seg ein fotball heim. Ballane er spesialbestilt med logo frå Grieg Seafood og Finnøy idrettslag.
Fotballdagen blei avslutta med miniturnering med blanda lag klokka 15. Hundre slitne og varme barn vende heim med gode minner om ein kjekk dag.
Johannes Fjukmoen Undheim blir gratulert av kameraten Leon Lepek for siger i straffesparkkonkurransen. Talgjebuen Johannes går i andre klasse og slo ut sjuandeklassingen Marius Mølmann i finalen. Foto: Silje Talgø Klakegg Ei stolt Alida Heggelund blir løfta av lagvenninner etter at ho vant jentefinalen i straffesparkkonkurransen. Viktoria Lepek i sjette klasse kom også til finalen, men måtte sjå seg slått på målstreken av fjerdeklassingen Alida. Foto: Silje Talgø Klakegg