Cupstemning på Leikvoll

Idrettslaget på Finnøy forsøker å spela alle kampane i aldersbestemte klassar på same dag.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: Det gjer dei i eit forsøk på å få til ein slags cupstemning på og rundt fotballbanane. Onsdagen skal vera barnefotballen sin dag på Leikvoll.

– Me byrja så smått i fjor, men det skar seg på grunn av pandemien. No som kvardagen har blitt normal igjen trur me dette vil fungera svært godt, seier leiar i idrettslaget, Erik Flesjå Johansen.

I går ettermiddag var det eit yrande liv på Leikvoll. Sju kampar blei spela i løpet av nokre få timar.

Viktig samlingsplass

– Det er akkurat det me ønskjer å få til, god stemning. Når så mange kampar vert spelt på same tid, blir det naturlegvis mykje folk på området. Og når det då er open kiosk og Rampline leikepark i tillegg, ligg alt til rette for at så skal skje. Idrettsplassen er ein viktig møteplass for born og unge, smiler sjefen på Leikvoll. Han held fram: Vidare tenker me dette er smart fordi det blir lettare for foreldra og samarbeida om køyring og henting. Det blir lettare å orginsera, spesielt for dei familiane som har to ungar som skal spela kamp. Onsdagen skal bli ein dag som barn og unge gler seg til å halda til på Leikvoll.

Onsdagen blir den nye samlingsdagen på Leikvoll.
Publisert: