Dette er ikkje ein artikkel skriven med kritisk, undersøkande journalistisk nøytralitet. Nei, det du les nå er ein grenselaus subjektiv hyllest til 14 2002-modellar frå fire ulike øyar i Finnøy.

Så godt smakar både medalje og cupsuksess for Gutar 12. Framme frå venstre: Olav Myklebust, Berner Meling, Bård Brandeggen, Tord Myklebust, Lars Skeiseid, Jonathan Frestad og Morten Austbø. Bak frå venstre: maskot Endre Skeiseid, Hilmar Rørtveit Sakseid, Tormod Haraldseid, Bendik Sevheim Haga, Sander Hauge, Jørgen Bø, Simon Idsøe og Martin Frøyland Amdal. Markus Vestbø Reilstad, Alexandro Popa, Alexander Hetland og Ole Kristian Aske er også med på Gutar 12, men kunne ikkje vera med på cupen.

Øyposten hadde sist veke ein fin reportasje frå SørCup, der Finnøy Idrettslag var representert med både Jenter 12 år, Gutar 13 år og Gutar 12 år. Underteikna er ein av fleire trenarar for sistnemnde. Me har følgd dette laget frå gutane var seks år. For halvanna veke sidan opplevde me det førebelse høgdepunktet på dette laget.

Pust i bakken mellom slaga, frå venstre Martin Frøyland Amdal, Simon Idsøe og maskot Endre Skeiseid.

14 av dei 18 gutane som er med på laget til dagleg, hadde høve å reisa på turneringa på Sørlandet. Me stilte med to lag, og rullerte slik at alle spelarane var med i kvar kamp for begge laga. Nå kunne eg fokusert på at desse fabelaktig spelarane vann alle sine ti kampar, spelte ut lag frå storklubbar og scora meir enn 60 mål. Vel, det var ikkje det viktigaste.

For når samtlege 14 gutar jobbar som løver, skryt av kvarandre, unner kvarandre speletid, scoringar og redningar, ja, då blir du som trenar stolt, rørt og imponert. Når me i tillegg opplevde at alle 14 spelarane kom på scoringslista, at speletida blei likt fordelt på alle og at både badeland, bowling og Dyreparken blei høgdepunkt for alle, då var det ufatteleg mange smil som prega dagane på Flekkerøya og Kristiansand.

Medalje er herleg Simon.

All grunn til å vera nøgd med innsatsen og medaljen. Frå venstre Hilmar Rørtveit Sakseid, Berner Meling, Simon Idsøe og Sander Hauge.

Me tilreisande vaksne, og dei var det mange av, applauderte og jubla i fire dagar på rad. Gutane frå Fogn, Talgje, Sjernarøyane og Finnøy fortente kvar ein klappsalve. Takk for innsatsen, gutar! Takk for turen! Takk for at me får vera med dykk fleire timar kvar veke. Nå gler me oss til hausten.

Tor Øyvind Skeiseid, far, trenar og Gutar 12-fan