– Kven vil bli med på ei ekstra fotballtrening i påskeferien? sa Erik Flesjå-Johansen, dagleg leiar i Finnøy Idrettslag og trenar for Finnøy jenter 10 og 11.

Gutar og jenter mellom 8 og 11 år blei invitert, og denne gjengen var både ivrige og heime. Det skal ikkje så mykje meir til for å skape ei kjekk og inkluderande stund i midten av påskeferien. Dette og nokre fotballar og ein engasjert trenar.

Sidan journalisten blei med på treninga som assisterande trenar på lågt nivå, lurte ungane på om dei kunne kome i Øyposten.

– Det kan det bli ei råd med, svara journalisten.

Etter enda økt spurde Flesjå-Johansen om dette var noko dei ville gjere igjen ein annan gang.

– Jaaa! kom det unisont frå dei femten ungane og journalisten.