Jakob (47) heidra for sin seriekamp nummer 400

Fredag runda Jakob Bø 400 spela seriekampar for A-laget til Fogn IL.

Jakob Bø fekk blomar og seglskip i tinn med inskripsjon frå leiar Rasmus Bø i Fogn IL.
Publisert: Publisert:

– Eg hadde min første seriekamp for Fogn då eg var 16 år. Året før det spela eg på Finnøy. Så eg har halde på lenge, seier Jakob Bø.

Ein mannsalder seinare er han spelande trenar og har blant anna sonen Jørgen (21) på laget. På heimebane fredag spela Jakob sin seriekamp nummer 400 for Fogn, noko idrettslaget gjorde stas på.

Kake til alle

Veteranen fekk blomar og eit seglskip i tinn med inskripsjon. Etter kampen var det marsipankake til spelarar og publikum.

Marsipankake til ære for veteranen Jakob Bø.

– Korleis held du tritt med unggutane?

– Eg spring ein del, så den fysiske formen er bra. Men eg er vel blitt litt treigare, og det kan bli nokre skader innimellom, seier Jakob:

– Me har ingen voldsom sportsleg satsing i A-laget på Fogn. Det viktigaste for oss er det sosiale, legg han til.

Fredag, i første kamp etter ferien, leda dei 2–0, men tapa til slutt 2–5 mot Fiskå 2. Fogn spelar i 7. divisjon, som er det lågaste nivået. Dei ligg midt på tabellen.

Då Fogn slo Finnøy

Jakob er gift med Janne Aano Bø og han er bror til Heidi Bø Sangedal på kyrkjekontoret. Han har fire born, driv gard på Fogn og er lærar på Fogn oppvekstsenter.

– Kva er høgdepunktet frå din over 30 år lange karriere?

– Eg har spela kampar med begge sønene mine på laget. Det har vore kjekt, fortel Jakob:

– Elles huskar eg godt me slo Finnøy i Rogalandscupen for kring seks år sidan, etter ekstraomgangar og straffespark. Det er vel høgdepunktet. Etter det har me ikkje møtt Finnøy.

– Kva er ditt neste mål som fotballspelar?

– Eg tar eitt år om gongen. 500 kampar blir nok litt drygt, seier veteranen.

Sjå elles helsinga til Jakob på Fogn.org frå Viking-heltane Bjarte Lunde Aarsheim og Erik Nevland.

Publisert: