Tok med seg tre poeng gjennom Finnfast
Mastra så ut til å ha punktert kampen til pause, men Finnøy kom sterkt tilbake.
Mastra vant 3–2 mot Finnøy i øyderbyet på Leikvoll torsdag kveld. Då hadde Finnøy levert ei opphenting utan like i andre omgang, der dei i tillegg til to mål brant ei straffe og hadde eit langskot som subba tverrliggaren i sluttminutta.
– Alltid deilig å slå Finnøy, men honnør til Finnøy som kjempar seg inn igjen, seier Mastra-trenar Alexander Teigen til Øyposten rett etter kampen.
– Etter første omgang trudde me at dette ville bli lett, og me slapp oss for mykje nedpå. Det viktigaste er likevel at me tar med oss tre poeng gjennom Finnfast, legg trenaren til.
Ein omgang kvar
Mastra leda 3–0 til pause og var nærare fire enn Finnøy var redusering. I pausa blei Finnøy-gutane einige om å i alle fall vinne andre omgang.
Eit entusiastisk heimepublikum, drygt 100 stykker, fekk eit drama på overtid. Finnøys Håkon Baustad Kavli reduserte til 2–3 i det nittande minutt og Finnøy pressa.
– Me gir publikum valuta for pengane i kveld, seier Finnøys trenar Bendik Heggelund:
– Me er misfornøgde med å ikkje ta poeng, men me tar med oss andre omgang. Det er sterkt av gutta som kommer tilbake.
Gode naboar
Finnøy ligg nå nederst på tabellen etter null poeng på fem kampar. Mastra klatra til en sjetteplass med åtte poeng etter torsdagens oppgjer.
Finnøys altmuligmann Aksel Reilstad varsla harde tak og gule kort før lokaloppgjeret. Øyposten registrerte eit par gule kort, men tonen mellom laga var god både på og utanfor banen. Nokre av spelarane på dei to laga jobbar saman og dei er på fornamn med kvarandre, får me vite.
Kampfakta
Torsdag 11. mai på Leikvoll
Femte divisjon avdeling tre fotball menn
Finnøy - Mastra 2–3
1. omgang
18 minuttar: 0–1 Thomas Jacobsen
23 minuttar: 0–2 Mats Marius Hagelund Ueland
39 minuttar: 0–3 Tore Aske
2. omgang
58 minuttar: 1–3 Anders Eike (straffe)
90 minuttar: 2–3 Håkon Baustad Kavli