Målfest for Mastra mot Finnøy på jubileumsdagen

73 år gamle Peder Meling fekk æra av å ta avsparket i naboppgjeret mellom Mastra og Finnøy, høgdepunktet under markeringa av Mastras 75 års-jubileum laurdag. Det blei ein fotballfest for Mastra, som vann 4–1.

73-åring Peder Meling marsjerer inn i spissen for Mastra, Finnøy-keeper Morten Engebretsen i spissen for Finnøy.
Publisert:

Finnøy-trenar Sturle Guttormsen oppildnar laget før kampen. -Me har alt å vinna, dei har masse å tapa, var bodskapen.

MOSTERØY: Veteranen Meling hadde spelt 199 kampar for Åmøy, før Åmøy, Rennesøy og Mosterøy gjekk saman i fotballaget Mastra.

Nå skulle han få godskrive sin kamp nummer 200. Meling marsjerte stolt i spissen for Mastra-spelarane inn på banen med t-skjote med påskrifta «Mastra 75 år» på brystet og «200» på ryggen.

Keeper Morten Engrebretsen drylte ballen rett i Mastra-målet.
Stor stemning i Mastra-garderoben før kampen.
Skummel situasjon framfor Finnøy-målet, men keeper Morten Engebretsen hadde full kontroll.

Etter avsparket rusla Meling av banen til applaus frå publikum, og kampen var i gang.

I garderoben, før kampen, gjorde Finnøy-trenar Sturle Guttormsen sitt beste på å oppildna laget sitt.

-Me har alt å vinna, mens Mastra har masse å tapa, var bodskapen hans før laget gjekk på banen for å møta erkerivalane.

Det blei ei sjokkåpning.

For kampen var ikkje meir enn fem minuttar gammal, før Finnøy-keeper sette ballen rett i Mastra-målet. Det gjorde han med eit praktfullt utspel frå mål, 80 meter over banen og kontant i mål.

Her var vêrgudane også på Finnøy si side, for utsparket hadde god hjelp av ein solid medvind.

Responsen frå Mastra-supportarane var eit høglydt gisp. Korleis kunne dette skje, skulle det som skulle vera ein festkamp enda med eit sviande nederlag for underdogen Finnøy? Det var ikkje fritt for at det breidde seg ein viss nervøsitet i Mastra-leiren, sjølv om speakeren gjorde sitt beste for å trøysta med at kampen ennå var ung.

Mastra ligg nemleg i det øvre sjiktet i 5. divisjon, mens Finnøy ligg heilt på botnen.

Men stemninga steig i Mastra-leiren då Erling Håvarstein viste sin styrke, og sette ballen sikkert i Finnøymålet etter 23 minutt ut i første omgang. Men like vel, då dei to laga gjekk til pause stod det fortsatt 1–1 mellom dei to rivalane.

Peder Meling fekk æra av å ta avsparket for Mastra.

Men det blei dessverre det einaste målet frå Finnøy si side, for Mastra viste seg for sterke, sæleg i andre omgang. I første omgang var det to meir jamnbyrdige lag som kjempa, men i andre omgang hadde Mastra klart overtaket og scora tre mål i tillegg til at laget hadde fleire farlege sjansar.

Finnøy hadde derimot få skot på mål i andre omgang, og rota også bort nokre gode sjansar. Men Jarle Sigmund Eike hadde like vel eit flott skot på mål i andre omgang, som Mastra-keeperen klarte å redda.

Då Mastra fekk straffe i andre omgang, sette Erling Håvarstein ballen sikkert i mål. Dermed var Mastra oppe i leiinga. Ikkje lenge etter scora Håvarstein sitt tredje mål i kampen, før Ole Helland Teigen sørga for at sluttresultatet blei 4–1 til Mastra.

Etter kampen måtte Øyposten sjølvsagt høyra med Peder Meling kva han tykte om innsatsen til laget sitt. Meling må vel reknast som blodfan av Mastra, for saman med Jostein Haugvaldstad er han trufast tribuneslitar på alle kampane til Mastra. Dessutan har han 25 år bak seg som trenar og lagledar i idrettslaget.

Då Øyposten snakka med Meling før kampen, tippa han siger til Mastra. Men kor mykje klubben hans ville vinna, var han ikkje sikker på.

-Det kan vera at Finnøy har ein god dag i dag, seier han.

Då kampen var over var han godt fornøyd både med resultatet og kampen.

-Det var ein god kamp, er dommen hans.

Kampen baud på tøffe taklingar.