Norsk Tipping la i dag fram si oversikt over grasrotandelen i 2015. Nesten ein million gjevarar sørga for nærmare 400 millionar kroner til lag og foreiningar. I Finnøy kommune er det per dags dato 14 grasrotmottakarar, som til saman har motteke 95.000 kroner. Finnøy Idrettslag er den største, med 194 registrerte givarar. Dei mottar i tillegg mest grasrotkroner. Dagleg leiar, Bodil Nesvik er naturleg nok strålande nøgd.

- Det er veldig kjekke pengar for idrettslaget å få inn, men me sko sjølvsagt alltid hatt fleire. Generelt sett ser eg vel at det ikkje er alle finnøybuar som er like gode å tippa, men dei som tippar er god på å ha Finnøy IL som grasrotmottakar. Me er veldig takksame for det og det er gode pengar, seier Nesvik.

-

- Me brukar dei ikkje til noko spesielt, eigentleg. Men dei går ofte til utstyr. No har det seg slik at det er fotballgruppa som er størst hjå oss, så mykje av det går nok til fotballar og generelt utstyr, seier ho.

Bak Finnøy kjem Fogn Idrettslag, med 92 registrerte gjevarar, og med ein sum på 18 991. Dernest kjem Finnøy Skyttarlag, med 42 registrerte gjevarar og 8919 grasrotkroner.

Slik ser lista ut for dei med registrerte gjevarar:

Finnøy Idrettslag: 194 gjevarar | 50 738 kroner

Fogn Idrettslag: 92 gjevarar | 18 991 kroner

Finnøy Skyttarlag: 42 gjevarar | 8919 kroner

Sjernarøy Husflidlag: 27 gjevarar | 7017 kroner

Halsnøy Grendalag: 18 gjevarar | 3297 kroner

Ombo Grendahus: 11 gjevarar | 1359 kroner

Sjernarøy Vekst: 9 gjeverar | 1129 kroner

Sjernarøy Speidargruppe: 5 gjevarar | 2757 kroner

Ryfylke Vannsport Klubb: 3 gjevarar| 207 kroner

Nasjonalforeningen Talgje Helselag, Boknahuset Velforening og Finnøy Røde Kors er òg moglege grasrotmottakarar i Finnøy, men har ikkje registrerte gjevarar.