11 utøvarar stilla på startstreken, men berre åtte kom i mål. Mykje sjø og kald vind blei ei ekstra belastning i ein allereie knallhard konkurranse.

– Det er faktisk fyrste året nokon har måtte kasta inn handkledet. Me hadde nok undervurdert vinden, seier arrangør Tom Egill Tobiassen frå Rennesøy.

Brakk tåa

Den kalde vinden var faktisk årsaka til den eine som måtte gi seg. Dei to andre braut på grunn av punktering og ei knekt storetå.

Jernmannen frå Sola, Kristian Stautland gjekk av med sigeren for tredje år på rad.

Finnøybuen Kjell Morten Eggebø kom inn på 4.-plass, hakket raskare enn Tobiassen.

– Kjell Morten er kjempegodt nøgd med årets triatlon for hans mål var å slå meg. Eg låg lenge framføre han både på symjedistansen og syklinga, men så tok han meg igjen på jogginga, smiler Tobiassen, som ønskjer seg fleire deltakarar frå Finnøy og Rennesøy.

Ungdomslaget STREAM selde kaffi og kaker under arrangementet og fekk inn 4500 kroner til misjonsprosjektet deira i Bolivia.

Slik blei resultatet:

  1. Kristian Stautland, Sola 2t, 58 min, 40 sek

  2. Simon Stautland, Stavanger, 2t, 59 min, 18 sek

  3. John Olav Nessa, Haugalandet, 3t, 11 min, 27 sek

  4. Kjell Morten Eggebø, 3t, 32 min, 53 sek

  5. Tom Egill Tobiassen, 3t, 39 min, 26 sek