– Landsskytterstevnet ga meirsmak. Eg vil satse meir på skyting framover, seier Sindre Øglænd Flesjå i Finnøy skyttarlag:

– Nå har eg kjøpt ny skytedress til 25.000 kroner.

Finnøybuen utmerka seg særleg i to øvingar under landsstemnet på Voss sist veke.

Med stor margin

– Det var ein gøy opplevelse at eg klarte å forsvare NM-gullet mitt frå i fjor i militært skogsløp med skyting. I fjor vant eg med eitt sekund, medan eg i år vant med nærmare to minutt, seier Sindre.

Øvinga er ein av dei mindre kjente under det årlege Landsskytterstevnet. Berre rulleført personell i Forsvaret deltek. Først er det ei innleiande feltskyting med Forsvarets automatvåpen HK416. Så er det eit seks kilometer langt skogsløp, der løparane har med seg tilleggstid frå skytinga.

Med berre ein bom på skytinga starta Sindre først og heldt leiinga med god margin heilt inn.

Uventa finaleplass

Den andre øvinga der finnøybuen utmerka seg, var i felthurtigskyting med vanleg sivilt gevær, der konkurransen er knivskarp og der den avsluttande finalerunda blir sendt på NRK.

– At eg skulle bli topp 16 og kome til finalen i felthurtigskyting, hadde eg aldri trudd. Eg rangerer den prestasjonen på høgde med NM-gullet, fortel Sindre.

I finalen møtes to og to skyttarar etter utslagsmetoden. Sindre tapte den første duellen. Hadde han vunne, hadde han kome med i TV-sendinga.

Sindre bur på Finnøy og jobbar til dagleg på rekruttskulen på Madla.