Mastra tapa 0–3 heime mot Buøy torsdag kveld.

Finnøy tapa 2–5 borte mot Vardeneset 2 måndagen før.

Dermed ligg Mastra framleis midt på tabellen, mens Finnøy har til gode å ta poeng etter seks kampar i årets seriespel i femte divisjon avdeling tre.

Neste kampdag er torsdag 1. juni då Finnøy møter Tasta heime på Leikvoll, mens Mastra skal til Hillevåg for å møte Jarl.