A-laget til Fogn lagar skikkeleg folkefest rundt kampen mot Sviland sundag, der dei skal kjempa om den lite smigrande tittelen Rogaland dårlegaste lag. Foto: Julie Bø.

FOGN:

Laget til Fogn ligg på 7. plass på tabellen i 7. divisjon, medan Sviland er på 8. plass, med høvesvis fire og tre poeng. Dei er berre slått av botnlaget Sandnes Ulf 2 som står med null poeng.,

På sundag får du vita kven av desse laga som, rett og slett, er dårlegast.

Lagar folkefest

Idrettslaget nyttar den spesielle kampen til å laga ein folkefest på Fogn på sundag. Det er innkjøpt to store marsipankaker, det blir kiosk, speaker og musikk. Ryfylke tomat stiller med mykje tomatar.

Kampen blir sendt direkte på Aftenbladet TV, som har dokumentert fleire kampar ifrå lokalfotballaen i Rogaland.

– Det er veldig kjekt at Aftenbladet sender kampen. Det blir ein lokal folkefest og stor happening på Fogn. Me satsar på å vinna og unngå å vera det dårlegaste laget i Rogaland.

Det seier leiar i idrettslaget på Fogn, Jakob Bø, i ein kommentar til nettstaden fogn.org.

– Historisk fest

Ekspertkommentator i lokalfotballen er oftast Sandnes Ulf-trenar Bjarne Berntsen.

– Denne helga har han fri, men Aftenbladet jobbar med å finna ein verdig erstattar, opplyser Bø.

Sendinga på sundag blir ein såkalla to-kameraproduksjon der den eine kameramannen skal plasserast høgt oppe i ein lift slik at dei som ikkje har høve til å komma på kampen vil få eit godt overblikk over spelet.

– Velkommen til ein historisk fest på Fogn stadion. Me håper mange møter opp og heier dei mørkeblå fram til seier, avsluttar idrettsleiar Jakob Bø, som for øvrig også er midtbanespelar i kampen.