Plaga av ungar som hamrar på dørene

Hamring på døra seint onsdag kveld fekk det til å renne over for ein eldre bebuar i Fåfeltet på Judaberg.

Innkøyringa til Fåfeltet, eit byggefelt der fleire det siste året har vore plaga av ungar som ringer på og stikker av.
Publisert: Publisert:

– Eg føler meg ikkje trygg lenger, seier ei eldre dame til Øyposten.

Etter at ho og mannen hadde lagt seg onsdag kveld, fekk dei høyre eit forferdeleg bråk på inngangsdøra rett utanfor soveromsvindauget.

– Dei må ha bruka knyttnevar for å slå på døra. Det var skremmande, seier ho.

Ho ønskjer ikkje å stå fram med namn og bilde. Øyposten har òg prata med naboen, som kan fortelje om liknande opplevingar tidlegare. Naboen har funne følgjande medisin:

– Me går ikkje ut når det ringer. Då er det ikkje så interessant for dei å halde på, seier naboen:

– Dei som verkeleg vil ha tak i oss, ringer på to gonger. Då går me ut.

Han meiner å sjå eit mønster at det er i skuleferiar at problemet er verst.

Bebuaren som onsdag blei skremt av hamring på døra ber om at ungar og foreldre går i seg sjølv.

– Eg håpar foreldre vil spørje seg om er det någen av mine ungar.

– Me er gamle og ikkje så friske lenger. Me ønskjer ikkje å bli skremt på denne måten. Vær så snill og slutt, legg ho til.

Publisert: