RENNESØY: RENNESØY: I Stavanger vil kommunedelen Rennesøy få merka øvinga.

-Det vil liggja 40–50 soldatar på øya, og det blir ein del trafikk mellom Mortavika og Vestre-Åmøy, opplyser områdesjef for øyane, Paal Fagerli til Øyposten.

Forsvaret har rekvirert heile Agder og Rogaland som øvingsområde, og over 4200 soldater vil delta over tre veker.

«Jøssing» er navnet på øvinga

Oberstløytnant Øystein Nilsen er distriktssjef for HV-08. Foto: Forsvaret

Distriktssjef for HV-08, oberstløytnant Øystein Nilsen har kalt øvinga for «Jøssing».

–Navnet Jøssing stammar frå andre verdskrig og Altmark-operasjonen i Jøssingfjorden. Najonal Samling brukte Jøssing som skjellsord for nordmenn som var britisk vennlege. Folk flest i Norge tok dette navnet til seg, og det blei fort eit utrykk for gode nordmenn, fortel Nilsen.

Frå 6.-24. mars vil det bli feltøving, kor avdelingane vil trena på å løyse oppdrag innanfor sine primærfunksjonar. Det vil bli militær trafikk på enkelte vegar.

Lausammunisjon og lysrakettar vil bli brukt, og det kan bli noko støy heile døgnet.

–Øvinga er koordinert med politiet, og HV-soldatane vil vera lett gjenkjennelegee i norsk uniform. Annan mistenkeleg aktivitet skal som vanleg bli varsla til politiet, seier Øystein Nilsen.

Mange aktørar

I tillegg til Forsvaret vil mange aktørar, som politiet, statsforvaltarane, sivilforsvaret, Agder Energi, Bane Nor, Helse Stavanger, Sørlandet sykehus, Avinor, Kystverket, Sira-Kvina og mange kommuner bli involvert.

Øvinga er planlagt i over eit år og har ingen direkte sammenheng med sikkerhetssituasjonen i Europa.

-Me starta planlegginga lenge før offensiven braut ut i Ukraina. Men på grunn av korleis situasjonen har utvikla seg, måtte me auka trusselbiletet på øvinga. Me har blitt forbikjørt av verkelegheita. Det viktigaste for meg er at øvinga er relevant og at det me trenar på, er noko konkret som me kan få bruk for seinare, seier oberstløytnant Nilsen.

Øvinga «Jøssing» er i tillegg ein del av øvinga «Joint Viking» som foregår i Troms. Her øver 20.000 norske og allierte soldatar på å forsvare landet.