Historielaget i Finnøy fekk nytt avslag om midler til bokverk
Finnøy Historielag fekk nytt avslag om midler til arbeidet med bygdesoga.
FINNØY: Historielaget har fått munnleg beskjed om at søknaden ikkje kan imøtekomast.
Grunngjevinga er at Stavanger kommune ikkje har funne plass i budsjettet til søknaden. Dessutan er heller ikkje søknaden løfta fram politisk, opplyser leiaren i historielaget, Kåre Vargervik til Øyposten.
-Me tek avslaget til etterretning, men synes det er leit at Stavanger ikkje har funne rom til å imøtekoma søknaden vår. Men, me blir vel for små i den store samanhengen. Me såg optimistisk på prosjektet når me kom inn i Stavanger, men det har ikkje slått til. Me har fått fleire avslag, seier Vargervik, som legg til at bokprosjektet er blitt godt støtta av tidlegare Finnøy kommune.
-Kva blir konsekvensen av avslaget nå?
-Vårt mål er å fullføra dei tre banda til jul i år, og skal gjera så godt me kan for å få dette til. Nå må me prøva å finna andre måtar å finansiera utgjevinga på, seier Kåre Vargervik.
Historielaget søkte om 200.000 kroner til å fullføra kultursoga for Finnøy, Talgje, Fogn og Fisterøyane. Forfattar er Birger Lindanger.