Hasselbuskane står i full blom, og snøklokker sprett opp frå plenar kring om på øyane.

Siste helga i februar har hatt eit vårleg drag i lufta, og det skal halde seg mildt den neste veka.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no

Ifølgje Yr sitt nye 21-dagarsvarsel er det stor sjanse for at temperaturane vil liggja nokre grader over frysepunktet dei neste tre vekene. Nye episodar med snøføre er ikkje i sikte.

Sjansane for nattefrost er relativt små, men aukar noko i slutten av perioden, det vil sei i helga før palmehelga.

21-dagarsvarsel for Finnøy. Foto: Yr.no
Mot lysare tider; stemningsbilde frå Sjernarøy. Foto: Kari Norheim