Lærar Silje Aandstad er dirigent medan heile mellomtrinnet syng. Foto: Silje Talgø Klakegg

Solidaritetsaksjonen starta med at rektor Bente Tjelta ønskja velkomen, før femte til sjuande klasse song ein song om å ta vare på kvarandre. Etterpå song dei «Barn av regnbuen».

Finnøygeneralen i organisasjonen, Tolli Frestad, fortalde at pengane vil gå til arbeid i den indiske byen Nagpur.

– Der er det mykje slum. Foreldra arbeidar frå dag til dag og barna er mykje åleine. Det er ikkje uvanleg med femåringar som må ta ansvar for yngre søsken. Desse barna vil me gje ei framtid, sa han til dei frammøtte på solidaritetsaksjonen.

Han fortel at dei har sett i gang eit fadderprosjekt der målet er å skaffe skulemateriell, klede og helsehjelp.

Tolli Frestad syner eit bilete av indiske barn kledd i drakter frå Finnøy Idrettslag. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Me er i gang med å byggje eit aktivitetssenter for barna i slummen her, og pengane frå solidaritetsaksjonen vil gå til uteaktivitetar på senteret, slik at barna kan få ein fristad, legg Frestad til.

Det var loddsal og kafé, og dei ulike trinna bidrog med ulike aktivitetar. På sløydrommet var det spikrekonkurranse og i ballbingen var det straffekonkurranse.

Torsdag var det lov å kaste våt svamp på barn, men heldigvis berre på dei som hadde meldt seg frivillig. Foto: Silje Talgø Klakegg

Nokre elevar av den tøffare typen stilte seg disponible som mål for svampekast. I klasserommet til 5A var det Kahoot, som journalisten ikkje klarte å vinne. Prøvde to gonger.

Femteklassingane hadde også laga tippekonkurranse, der ein måtte gisse kor mange snop som var i ei krukke, kor langt eit tau var og kor tung den svære bamsen var.

Amalie Lende Myrheim (f.v.), Erle Vignes Isachsen og Gana Assani skriv ned kva folk gissar om snop, tau og bamse. Foto: Silje Talgø Klakegg
Solfrid Sevheim Haga fortel kven som har vunne dei store gevinstane. Foto: Silje Talgø Klakegg
Gevinstane var mange. Foto: Silje Talgø Klakegg

Dagen blei avslutta med utdeling av 100 gevinstar på loddsalet.

– Eg vil spesielt takke det imponerande næringslivet som har donert alle desse gevinstane, sa Solfrid Sevheim Haga som var ansvarleg for utdelinga.

Til saman blei det samla inn minst 90.000 kronar, fortel Hilde Kavli til Øyposten fredag ettermiddag. Då er ikkje alle pengane talt opp.

Straffesparkkonkurranse i ballbingen. Foto: Silje Talgø Klakegg