Å vera fiskarbonde har stolte tradisjonar på Finnøy, og kvar gard har sitt naust og sin båtplass nede ved sjøen.

Elin Hesby på Øvre Mjølsnes fekk problem då ho i fjor søkte om å setja i stand eit over 100 år gammalt naust. Naustet rasa saman for to år sidan, og Hesby ville byggja det opp att på gamlemåten.

– Først fekk me støtte til spesielle miljøtiltak i jordbruket frå landbrukskontoret, fortel Hesby:

– Så fekk me høyra frå det same landbrukskontoret at naustet ikkje er ein del av landbruksdrifta, og at restaurering vil krevja særskild søknad om dispensasjon.

Kan mista tilskotet

Å få dispensasjon til naust har vist seg å vera vanskeleg. Grunnen er det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen, og at dispensasjonar er med å uthole planverket.

Hesby fryktar at ho nå må gjennom ein lang prosess for å få byggjeløyve, og at ho då vil miste retten til tilskot. Landbrukskontoret innvilga i desember 2022 114.350 kroner i såkalla Smil-midlar til naustet. Fristen for å gjennomføre tiltaket sette kommunen til 9. desember 2025.

– Me har ein gut som likar å fiska, og fiske er ein del av kulturen som me skal ta vare på. Gardane på Finnøy måtte ha naust og båt for å fiske og for å koma seg fram, seier Hesby.

Elin Hesby med naustmurane og den vesle vika i bakgrunnen der fleire av nabobruka på Mjølsnes har naust og båtplass. Foto: Sigbjørn Høidalen

Dei ønskjer å koma i gong så fort som råd for å få rydda opp og gjera det meir skikkeleg. Dei har hatt handverkarar inne som har laga teikningar og eit overslag på kva det vil koste.

Uomtvista kulturminne

Hesby og mannen driv kyllingproduksjon. Landbrukskontoret meiner naustet ikkje er nødvendig for landbruksdrifta. Landbrukskontoret skriv:

– Det ligg ikkje føre opplysningar som tilseier behov for særskilt oppbevaring a landbruksutstyr i bygningen eller at bygningen skal nyttas direkte i sjølve landbruksdrifta eller annan stadbunden næring.

Naustet er òg i største laget, kjem det fram. Grunnflata er 69 kvadratmeter, medan kommuneplanen seier at naust ikkje skal vera større enn 30 kvadratmeter. Eit forsonande trekk er at naustet skal byggjast på eldre murar, skriv landbrukskontoret.

Etter at naustet rasa saman ser det ut som ein skrotplass, men det har potensial til å bli eit smykke. Foto: Sigbjørn Høidalen

Om naustet blir utdefinert som naudsynt i landbruksdrifta, blir det inndefinert som kvalitet i kulturlandskapet. Byantikvaren i Stavanger skildrar planane til Elin Hesby slik:

«Det er gledeleg at grunneigaren ønskjer å gjenoppbygga det gamle naustet, som nokså nyleg har ramla heilt saman. Denne nausttypen, med steinveggar, er typiske for Ryfylkeøyane og er ein viktig kulturminnetype.»

Kravde svar frå ordførar

Senterparti-politikar Birger Hetland tok torsdag opp i formannskapet at fleire gardbrukarar i øyane strevar med å få godkjent tiltak som kan gje landbruket eit etterlengta løft. Då kom han òg inn på saka til Elin Hesby og stilte følgjande spørsmål til ordføraren:

«Kan de som er tildelt SMIL – midler risikere å miste dem dersom landbrukskontoret i neste omgang sier at det tiltaket som har fått støtte ikke er et nødvendig landbrukstiltak?»

Ordføraren svara dette:

«For å inngå i LNFR-formålet må tiltak oppfylle følgende kriterier:

  • Tiltaket er knyttet til produksjon på garden eller det behovet garden har for varer og tjenester, eller det er nødvendig i forbindelse med annen næringsvirksomhet knyttet til jordbruk, skogbruk, reindrift, yrkesfiske eller lignende.

  • Virksomheten er basert på og tilpasset gardens eget ressursgrunnlag, for eksempel bruk av fôr, planter, trær, blomster, frukt, grønnsaker og andre råvarer produsert på garden samt videreforedling og/eller salg av disse.»

Ordføraren la til:

– Viss eit tiltak ikkje oppfyller desse kriteria må det søkast om dispensasjon frå LNFR-føremålet. Då må det gjerast ei heilheitleg vurdering av tiltaket. I mange tilfelle er det rom for å gje dispensasjon og tiltaket kan gjennomførast og motta Smil-tilskot.