På Ombo og Talgje går medlemmar i styret rundt på dørene med bøsser heile denne veka inkludert helga. På Fogn blir Helselaget å finna i buå på butikken i løpet av helga, og i neste veke parkerer leiar i Helselaget på Finnøy, Sverre Jan Reilstad seg i campingstol i inngangen til Coop.

– Eg trur eg blir sittande på handelslaget meir eller mindre kvar dag neste veke, opplyser Reilstad.

Fleire unge får demens

Nestleiar i fylkesstyret i Nasjonalforeningen for folkehelse Oddny Kjølvik seier til Øyposten at det er utruleg viktig at folk er med å støtta opp om aksjonen.

– Stadig fleire får demens, og enno finst det ingen kur. Med fleire som lever lenger, vil fleire få demens. Over 100.000 nordmenn har diagnosen demens i dag og dette talet vil meir enn dobla seg dei neste tretti åra. Det er ei skremmande utvikling. Og det som er ekstra skremmande, er at stadig fleire unge blir ramma, seier Kjølvik.

Nasjonalforeningen for folkehelse har arrangert Demensaksjonen sidan år 2000, og er eit av foreininga sitt hovudsatsingsområde saman med hjerte-hjerne- aksjonen kvar vår. Demenskampanjen vert arrangert kvar haust i samband med den internasjonale alzheimerdagen 21. september.

Ønskjer du å bidra går det an å vipsa til 584610 som er Helselaget på Fogn sitt nummer. Pengane går uavkorta til aksjonen.