Nå skal det vera umulig å gå seg vill på Fogn

Sidan torsdag blei Fogn fulladressert. Utvalg for by- og samfunnsutvikling vedtok i går Øvre og Nedre Fognafjordvegen som nye namn på Øvre og Nedre Varenesvegen, som havarerte hjå språkkonsulenten.

Denne vegen skal få nytt namn.
Publisert:

FINNØY: Finnøy kommunedelsutval hadde innstillingsrett, og det var Aps Ottar Sandanger som foreslo Øvre og Nedre Fognafjordvegen.

Finnøy kommune vedtok i 2019 at to veier på Fogn skulle heita Øvre og Nedre Varenesvegen. Det blei oppretta navnesak hos Kartverket for å avklara skrivemåten på stadnamnet. Kartverket vedtok i desember 2021 at offisiell skrivemåte for stadnavnet skulle vera Varden, men at også skrivemåten Vardeneset blir tillaten.

Men sidan det finst stader med same namna på Tasta og Storhaug har kommunen vedteke at det skal finnast nye vegnamn til Øvre og Nedre Varenesvegen.

Fogn Grendalag fekk anledning til å koma med kommentar til innspilla, og leiar Ole Klingsheim tok til orde for at Varenes eller Varnes var det ynskjelege stadnamnet sidan det har rot i lokale stadnamn og historie.

Kåre Vargervik i Finnøy Historielag støtta Klingsheim i hans vurderingar, men åpna like vel for å ta hensyn til andre stanamn i kommunen.

Tidlegare i månaden tok kommunedelsutvalget stilling til vegnamna, og gjekk samrøystes inn for å byta frå Øvre og Nedre Varenesvegen til Øvre og Nedre Fognafjordvegen, etter forslag frå Ottar Sandanger.

-Det tykkjer eg er eit helt ok byte. I og med at me aldri blei fornøyd med Øvre - og Nedre Varenesveg då namna blei vedtekne, er dette eit mykje bedre val. Vegane går rett ut mot fjorden, så det er heilt rett navneval. Dessutan tykkjer eg at det er fint å ta i bruk navnet på fjorden igjen, Fognafjorden. Eit godt byte slik eg ser det, seier Øystein Sandanger frå Fogn, som sat i namnekommiteen i 2019.

Derimot er ikkje klagesakene om Fora/Fura/Furre (Bjergøy), Hole/Håle/Holle (Ombo), og Runestad/Runastad (Fogn) avgjort.

«Fåravegen» ned til Sjernarøy Maritim var ein liten vegstubb, og er for lengst adressert til Bjergøy Ring.

«Holle» på Ombo er ein endå mindre vegstubb som og for lengst er adressert til Vestre Ombovegen .

Runestadvegen er innført, på tross av språkkonsulenten, og risikerer i verste fall at E blir til A om klagen ikkje går gjennom.