Sølvi Ona Gjul fekk ikkje Ap med seg på å behalda «kommunedeler»
Sølvi Ona Gjul frå Rennesøy fekk ikkje Stavanger Ap med seg på å behalda navnet kommuedeler på dei ni områda Stavanger er delt inn i.
STAVANGER: Eit stort fleirtal under medlemsmøtet i Stavanger Ap onsdag gjekk inn for å byta ut kommunedeler med bydeler.
Stavanger har i dag ni kommunedeler: Finnøy, Rennesøy, Storhaug, Eiganes og Våland, Hillevåg, Hinna, Hundvåg, Madla og Tasta.
-Det var nokre som under møtet argumenterte for at kommunedel er framant for byfolk i Stavanger. Men såpass må Stavanger tåla, at det fortsatt skal heita kommunedeler, når dei har fått med seg Rennesøy og Finnøy i den nye kommunen, seier Sølvi Ona Gjul til Øyposten.
-Blir det bystyre og bystyresal også nå?
-Det tippar eg at det med tida blir, viss forslaget går gjennom, svarar Ap-politikaren frå Rennesøy.
Stavanger er blitt annanleis
Ho meiner at å kalla det kommunestyre og kommunedeler er ein konsekvens av at Stavanger er blitt ein annan kommunen enn kva han opprinneleg var.
-Eg kan vanskeleg sjå for meg at folk i Finnøy og Rennesøy opplever seg som ein del av ein by, meiner ho.
-Trur du Finnøy og Rennesøy vil behalda navnet kommunedeler?
-Det blei sagt frå talarstolen at dette skulle vera frivillig, men det blir i såfall ganske sært, meiner Ona Gjul.
-Det er me som har gått inn i Stavanger
Blant dei som røysta for å byta ut kommunedel med bydel i partiprogrammet, var Ottar Sandanger frå Fogn.
-Eg røysta for. For meg er det dumt å pinnhalda på kommunedeler, når dette ikkje blir forstått i byen. Det er me som har gått inn i Stavanger, og ikkje omvendt.
Stavanger er ein by med tradisjonar, og det har nok vore tungt for mange at det skulle heita kommunestyre i staden for bystyre. Det var eit ledd i å pynta brura for ekteskapet med Finnøy og Rennesøy.
Også Ottar Sandanger trur at Finnøy og Rennesøy kjem til å bli bydeler, viss forslaget går gjennom.