Inger Lise (H) går inn i formannskapet
Høgrepolitikar Inger Lise Rettedal frå Rennesøy får fast plass i Stavanger formannskap.
Valvinnar Høgre har fordelt verva mellom seg til det nye politiske styret av Stavanger kommune.
Frå før var det kjent at Sissel Knutsen Hegdal, som har hytte på Nord-Hidle, blir ny ordførar. Av Høgre-politikarar frå øyane har desse fått tildelt verv:
Inger Lise Rettedal (Rennesøy):
- Fast plass i formannskapet
- Tredje vara til kommunalutvalet
Nils Petter Flesjå (Finnøy):
- Nestleiar i utval for klima og natur
Jan Mikal Hanasand (Rennesøy):
- Femte vara til utval for klima og natur
- Andre vara til utval for helse og velferd
Høgre har fleirtal i det nye kommunestyret saman med Frp, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet. Kommunestyret konstituerer seg i møte måndag 23. oktober.
Høgre har 21 av 34 mandat på borgarleg side og er det dominerande partiet. Om Inger Lise Rettedal, som held til på Utstein gard på Mosterøy, er å sei at ho var ein av dei i Høgre som gjorde det absolutt best i personvalet. Berre tre andre på Høgre-lista fekk fleire personstemmer og slengarar enn gardsgründeren på Utstein. Ho blir eitt av fem faste medlemer frå Høgre i formannskapet.
Formannskapet i Stavanger har 19 medlemer og kring 17 møter i året. Organet er det nest øvste i kommunen etter kommunestyret, og mange saker blir i realiteten avgjort i formannskapet (om dei ikkje allereie er avgjort på kammerset).